LyricFind Logo
LyricFind Logo
Profile image icon
Lyric cover art

SØNDAG I BAGN

Apple Music logo
Deezer logo
Spotify logo
Lyrics
Glaset stod på gløtt
Og trekken var så frisk
E drog den varme dyna opp
Karo låg heilt inntil

Ein fugl song utanfor
Så kom den kjende klangen
E låg og høyrde klokkene
Frå kyrkja nede I Bagn

E trong ikkje sjå på klokka
E visste ko det var
Det lukta kaffi nedanfrå
Og ingen bad meg skunde meg

Det var søndag I Bagn
Glaset ope mot dagen
Kald luft imot kinnet
Varm dyne over magen

Det var søndag I Bagn
Og e hadde tid te alt
Før e sette fot på golvet
Hadde klokkene fortalt

To foreldre og tre gutar
Rundt bordet, tett I tett
Bacon, kaffi, mor sin danske
Leverpostei på brett

Så bar det ut på Vangen
Over gras og over grus
Fotsålan brydde seg ikkje
E var langt frå stille hus

Jan Henrik, takk for flya
For alt du fekk I gang
Mø stod og såg dei stige
Over Vangen, over Bagn

Ingen skjerm I handa
Berre himmel I eit blikk
E hugsar ikkje tida
Berre kor fort dagen gjekk

Det var søndag I Bagn
Glaset ope mot dagen
Kald luft imot kinnet
Varm dyne over magen

Det var søndag I Bagn
Og e hadde tid te alt
Før e sette fot på golvet
Hadde klokkene fortalt

No kjem den same klangen
Og e blir liggjande litt

Karo ligg ved sida mi
Karo ligg ved sida mi
Karo ligg ved sida mi.

WRITERS

Jørn Tronrud

PUBLISHERS

Lyrics © O/B/O DistroKid

Share icon and text

Share


See A Problem With Something?

Lyrics

Other