LyricFind Logo
LyricFind Logo
Profile image icon
Lyric cover art

SNILL

Apple Music logo
Deezer logo
Spotify logo
Lyrics
Vi jaktar snille folk
Som har lykke inni seg
Ikkje dei som ropar høgast
Men dei som finn ein veg

Dyp glede kjem ikkje
Av alt du skal få til
Men av å høyre heime
I naturen og I liv

Eg trudde lenge snill var mjukt
Noko folk kunne trø på
Men livet lærte meg ei grense
Du må stå der du skal stå

Eg kan møte deg med varme
Men du får ikkje gå for langt
Eg set pris på deg som menneske
Men dette her e ikkje sant

Du må vera snill
Snill I ryggraden
Stødig når det bles
Og uredd når det gjeld

Du må vera snill
Ikkje svak, men klar
Med hjartet godt planta
Der styrken din skal vara

To stolar står ved bålet
Inne I Summit ein stad
Den eine stolen ventar
På den som vil bli med

Der ser vi ikkje titlar
Ikkje skryt og fine ord
Vi ser om varmen held seg
Når stilla legg seg stor

Kjem du inn med kalde hender
Med maktspel under smil
Med små stikk bak fasaden
Og meir krav enn du gir

Då hjelper det ikkje å vera flink
Då hjelper det ikkje å nå
For er du ikkje snill I rygg
Då må du ut og gå

Du må vera snill
Snill I rygg
Stødig når det bles
Og uredd når det gjeld

Du må vera snill
Ikkje svak, men klar
Med hjartet godt planta
Der styrken din skal vara

Snill kan setja grenser
Snill kan seia stopp
Snill kan stå I stormen
Utan å stenge hjartet opp

Du må vera snill
Snill I rygg
Bestemt når det trengs
Og varm når nokon fell

Du må vera snill
Om du skal gå med oss
To stolar ved eit bål
Viser meir enn tusen ord

Kom med varme
Kom med ro
Elles finn du
Ein annan veg å gå

WRITERS

Jørn Tronrud

PUBLISHERS

Lyrics © O/B/O DistroKid

Share icon and text

Share


See A Problem With Something?

Lyrics

Other